17. Mai i England

Midt i eksamensperioden kom altså 17. Mai og det måtte sjølvsagt feirast. Ida var heime i Noreg, men saman med andre nordmenn og folk frå resten av verda vart feiringa super. Ingrid inviterte til feiring hjå seg og der hadde ho pynta bordet med norske flagg og plast-champagneglas med jordbær i. Alt såg veldig fint ut og eg fekk møte mange nye og koselege folk. Servert til middag var sjølvsagt hot-dogs og rømmegraut. Feiringa vart komplett då eg, Ingrid og Maria sang nasjonalsongen til resten av besøket. Utruleg nok synast alle at rømmegraut var godt. Eg trudde det var ein vanesak å like rømmegraut, men alle likte det tydelegvis veldig godt så det var ein stor suksess! Til desert hadde Ingrid laga blåbærpai. Den var veldig god! Flinke Ingrid! Etter maten ville dei fleste ut på The Stag's på karaoke. Eg tenkte eg skulle vere flink å sitte heime og lese til eksamen. Etter ti minutt fann eg ut at eg hadde drukke litt for masse vin til å klare å konsentrere meg om noko som helst. Derfor tok eg med meg flagget mitt bort til Matt og fekk han til å smake rømmegraut, noko han påstod smakte "smelta ost"...Interessant. Etterpå vart me sittande og snakke og høyre på bra musikk og ikkje minst ete god norsk mjølkesjokolade. Eg reklamerte sjølvsagt og litt for Kaizers Orchestra medan me var i musikkhjørnet og trur eg omsider har klart å overbevise om at det er eit fantastisk band, sjølv om ingen forstår kva dei syng om. "Sving din hammar!"


Fine bordet


Maria lagar rømmegraut


Klassisk 17. Mai-mat!


Ingrid delar ut champagne


Blåbærpai


Matt feirar 17, Mai, eller som han seier "Norway-day!"
 

Siste nytt frå Southampton

Ok, eg har ikkje vore flink å skrive noko som helst sidan eg kom tilbake frå påskeferien, men her er eit nytt lite innlegg. I det siste har tida vorte brukt til å skrive oppgåver og late som om eg øver til eksamen. Eg e mykje flinkare til å sjå House, Game of Thrones eller Once Upon a Time. Sidan eg kom tilbake til England har eg vore på tur til Portchester Castle med Castles-klassen, tatt eit par turar på byen med våre gode vennar og nytt livet. Eg og Ida har oppdaga at me har ein park i nærleiken med elv og ender så der har me vore eit par turar når veret har vore bra. Me har og vore på ein historisk tur i gamlebyen for å lære litt meir om gamle Southampton.  På fredag var me ute i Southampton på ein plass som heiter Voodoo. Der var det hinsides varmt og veldig høg musikk, men det var utruleg kjekt likevel. Dei fleste var med så det vart ein utruleg bra kveld ute på byen. På laurdag var veret bra så me grilla utanfor Block L. Det var sikkert den mest hysteriske grillinga eg har vore med på nokon gong. Me kjøpte grillkol, men ikkje tennveske så det var umogeleg å sette fyr på kolet. Me improviserte med å helle på olivenolje (veit ikkje kven som trudde at det kom til å funke), deodorant og hårspray. Det enda med at ein måtte sykle og kjøpe firelighters (kva heiter det på norsk? Tenn-opp?) og me stappa grillen full av det, pluss litt hårspray. Omsider fekk me fyr på grillen og eg og Ida fekk ansvaret for å grille for alle fordi me hadde kylling på grillen som tok mykje lengre tid å grille enn alt anna. Men det var absolutt verdt å vente på. På kvelden såg eg, Ida og Chris (naboen til Ida) James Bond - Tomorrow never dies, mest fordi eg aldri har sett ein James Bond film i heile mitt liv og Chris synast det var heilt forkastelig. Filmen var faktisk mykje betre enn eg hadde trudd. Søndag gjekk vekk til å vaske klede og sjå House. Ida pakka for ho skulle heim til Noreg tidleg måndag morgon. Gutane såg fotball og hylte veldig, veldig høgt! Alltid like artig å høyre på. I går var det revision i Castles så det var siste timen, som betyr at eksamen er nær. Det er eg absolutt ikkje  klar for. Om ei veke har eg mine to første eksamenar. Eg burde sitte å lese heile tida, men gjer eg det? Nei. I går fann eg forresten ut at Silje kjem på besøk til meg i Juni, så det var veldig kjekt. I går var og dagen der eg fekk låne meg ein gitar. Eg har hatt kjempelyst til å spele gitar kjempelenge og i går spurte eg ein av våre vennar, Matt om eg kunne låne hans eit par timar. Eg fekk låne den eit par dagar sidan han er opptatt med å skrive oppgåve denne veka. Så jeey, no har eg endå ein ting som kan distrahere meg frå å lese til eksamen. Då eg var borte for å låne gitaren fekk eg og spørsmål om å vere med Matt, Andy, Elliot og Mansbridge til Frequency som er ein konsertliknande ting der eit par band spelar nokre songar kvar. Det er alternative og indie-musikk, så det er ikkje så mange som pleier å gå. Sidan eg likar britisk musikk og gjerne alternative og indie vart eg med og vart positivt overraska. Fire band spelte og to av dei var veldig flinke, dei to andre var ikkje så verst dei heller. Det var bra å gå ut å sjå litt på kulturlivet i Southampton og øve på å drikke øl. Haha.. I dag skal eg verkeleg prøve å få gjort noko med eksamenslesinga.

 

Portchester Castle


Pre-drinks på kjøkkenet




Old Southampton


Ein glad gjeng som ventar på grillmaten sin



Grilling



...og ingen grilling er komplett utan litt pyromani.


Tur i parken: Ida fann svanar og ender! =)

90s night, Stonehenge og Winchester

Ja! Eg veit! Dårleg til å oppdatere blogg! Eg har høyrd det før! 

90s Night 10 februar var kjekt, men det var ikkje så masse 90 tallsmusikk, så det var eigentleg litt merkeleg.. Laurdagen etter var me på besøk hjå Ingvild og Vegard som er to andre norske me har blitt kjende med her nede. Då spelte me kort, drakk te og såg film. Veldig koseleg. Veka etter gjekk sjølvsagt til uni og arbeid, på onsdagen hadde eg og Ida ein dag der me eigentleg skulle jobbe med kommentarar me skal skrive til castles-faget, men me enda opp med å sitte på rommet hennar å høyre på musikk, fortelje historiar og til og med grine litt. Sånn skal det vere!

Fredagen var me på "Take me out" ved the Bar, det var litt som tv-programmet "Dagens Mann", der jenter kan skru av lysa sine dersom dei ikkje likar den guten som er framme. Ganske morosamt og endå kjekkare vart det då brannalarmen plutselig gjekk og heile baren måtte evakuerast. Seinare reiste me til The Union og høyrde på "That Drummer that DJ" som var ganske flinke og skapte god stemning. Og som vanleg gjekk me heimatt i staden for å ta dei trygge taxiane.


90s Night




Gøy med photobooth på The Union! =)

 

På laurdagen gjorde me ingenting, men søndag var me ved Stonehenge og reiste til Bath etterpå. Det var veldig kjekt. Me fekk ikkje gå bort til steinane i Stonehenge då, og det vart me eigentleg litt irriterte for, men me tok ein heil haug med bilete og hadde det veldig morosamt der. Det var kjekt å sjå ein slik plass og eg er glad for at eg har vore der. Bath var ein sjukt fin by. Det var gjennomført med like fargar på husa og dei var bygd i samme stil. Der åt me middag på ein koseleg pub og gjekk rundt og såg på byen resten av tida. Eg kjøpte sjølvsagt eit skjerf, som no vert kalla Bath-skjerfet og både eg og Ida kjøpte nye, små vesker for å ha ein plass å ha tinga våre neste gong me reiser til "The Union" eller noko.


Gøy med masse bilete på rad, JA! 


Sjukt flinke til å ta bilde av oss sjølve! =)


Beautiful Bath
 
Veka etter har me eigentleg ikkje gjort så masse anna enn Uni, men i dag har me vore i Winchester som er ein veldig fin by ca 40 min frå Southampton. Me reiste saman med Ingvild, Vegard og Maria så me var fem nordmenn på tur! Me gjorde ikkje så masse anna enn å gå rundt og sjå på alle dei fine bygningane. Det var masse interessant historie frå Winchester, me fann til dømes ruinane av eit slott, og der tidlegare kongar av England har budd. 


Wuhu! Nordmenn tek bilete av seg sjølv i spegelen! =)


Winchester Cathedral


Kong Arthur

 No har eg og Ida ete kvelds (taco, nam!) og vore særs barnslege! Naboen til Ida (som var særs fyllasjuk... Naboen altså.. Ikkje Ida) kom ut med ein gigantisk pappkartong med øl og satte ølet i kjøleskapet og skulle kaste pappen, men då eg poengterte at han ikkje mosa det nok før han kasta det, slengte han det på golvet og sa at eg kunne gjere det sjølv. DÅ bestemte eg meg heller for å lage eit gigantisk pappfly! JA! "What are you doing?" Var det einaste eg høyrde då, men flyet vart fantastisk og eg og Ida sprang ut i gangen for å prøve det og jammen flaug det kjempebra! Sjølvsagt trudde alle inne på romma sine at nokon hadde blitt gale, men gøy var det i alle fall! Ida var ikkje like flink til å kaste fly då, det gjekk rett i lampen med eit voldsomt brak! No ligg flyet og kvilar oppå skapet mitt og der skal det få ligge til alle Engelskmennene er fulle og ikkje synast at flyet er teit, men at det er awesome!


A frosters plane! =)

"Laughter is the closest distance between two people" - Victor Borge
 

Update!

Ok, eg veit! No har eg gått tilbake til gamle dårlege bloggvanar, det vil seie å ikkje blogge i det heile. Eg har vel oppdaga kor mykje stress det kjem til å verte dette året med dei fire faga eg skal ta. Forige måndag var første dagen på skulen og eg tenkte det kom til å verte kjekt, men det var heilt greit. Faget heiter "Castles in Medieval Society" og det høyrast jo fantastisk ut, right? Wrong! Det e ikkje så fantastisk, men det kan kanskje verte kjekkare når eg lære meg litt meir bakgrunnsstoff om slott.

På tysdagar har eg to tudorfag "Tudor Rebellions" og "A Tudor Revolution in Government?" og dei faga er veldig kjekke. Læraren vår i Rebellions er kjempegira og tok heilt av då han fann ut at me var utvekslingsstudentar frå Noreg. Læraren i Government er og ganske artig og flink til å lære frå seg. Så dei faga trur eg eg kjem til å ha det kjekt med i år.

Onsdagar og torsdagar har eg fri og forige veke var me ute på "The Bar" (som er sånn hundre meter frå blokka mi) på ein gladiator-event under namnet "Clash of the Titans". Dei hadde ein oppblåsbar gladiatorarena der folk skulle sloss, og vinnaren vann sjølvsagt heder og ære. Eg var ikkje med på kampane for arenaen var ute og det var iskaldt, men det var morosamt å sjå på gjennom ruta frå innsida av baren. Torsdag vart ikkje brukt til anna enn å slaske på rommet.

Fredag hadde eg siste faget mitt "The Battle of Agincourt", her har eg heller ikkje så masse bakgrunnskunskap så det vart litt forvirrande, men eg trur det og kan verte eit kjekt fag.
På kvelden på fredag reiste me på "The Union" med våre nye Engelske vennar, det var nemleg nokre folk der som spelte noko musikk som tydelegvis var veldig bra, men eg og Ida aldri hadde høyrd om. Etter pre-drinks i toppetasjen bar det ut og me stod i kø i evigheiter. Til slutt gav me opp og gjekk inn på ein liten pub rett ved sidan av "The Union" og der vart me verande ei stund før me prøvde oss i køa igjen og kom inn. Musikken som var så veldig bra var faktisk heilt forferdelig og det var mykje hopping og folk som dytta oss her og der. Til slutt gav eg opp og spurte Ida om me kunne gå og det gjorde me. Me gjekk heile vegen heim, noko som var litt kaldt uten jakke, men det gjekk fint.

Helga vert alltid slaskete, men me var ein tur i byn på søndag (for her e nemleg alt ope på søndagar! Screw you, Norway!) Ida kjøpte skrivar og me kjøpte masse mat så det vart veldig, veldig masse å drasse på når me skulle heim, men me fekk det heldigvis til.

Denne veka har for det meste gått vekk til Universitet og skulearbeid. OG eg har blitt sjuk, men e på bedringens veg no då, trur eg. I går var den verste dagen i sjukdommen, men heldigvis visste Ida råd. "How I met your mother"-maraton! Juhu!

I morgon er det "90's Night" på "The Union" OG me har bestilt billettar så me slepp den evige køa. Då vert det nok mykje morro med gamle songar frå barndommen og ikkje berre bråkete dubstep. Wuhu! =)

"You grow up the day you have your first real laugh - at yourself" - Ethel Barrymore

Long Reign Our Noble Tea!

Laurdag vart som forventa ein skikkeleg slaskedag. Eg og Ida vaska klede og barikaderte oss på rommet der me såg "How I met your Mother" nesten heile dagen. Det vart ostesmørbrød til middag, noko som var heilt fantastisk godt.

I dag har me vore i byen for å leite etter bursdagsgåver og for å sjå oss litt meir rundt. Det var utruleg koseleg i sentrum i dag og det var fordi det var ein slags marknad der med mange forskjellige bodar. Dessutan var det òg tivoli, noko som var ganske interessant å sjå på og ikkje minst høyre på når folk skreik. Det vart ikkje så mykje handling, men eg klarte å kjøpe ein kopp som er GIGANTISK! Eg såg den sist eg var på "Marks & Spencer", men eg kjøpte den ikkje fordi den var for "dyr", det vil seie den kosta 80 kr. Det positive er at eg ikkje kjem til å bruke pengar på noko som helst når eg kjem heimatt fordi alt er for dyrt! No skal eg drikke masse, masse, masse te frå den store koppen!  Jo, så kjøpte både eg og Ida nye joggebukser på salg til 80 kr og den buksa er berre heilt fantastisk. Alle andre joggebukser kan berre gå og legge seg! No har eg berre slaska meg på rommet sidan me kom heim. Har forresten vaska opp og det e faktisk ein prøvelse. Kjøkkenet ser ikkje ut! Folk verkar som om dei aldri har budd heimeifrå før, dei sett alt frå seg og forventar visst at "Mamma" skal rydde opp etter dei. OG KJØLESKAPET! Don't get me started! Gammal mat, mygla mjølk osv.. Grusomt! Problemet med å vaske opp er at det ikkje er nokon propp å sette i vasken, så ein må ha på vasken heile tida. I dag var det i staden så mykje ris i vasken at det vart ein naturleg propp som EG sjølvsagt måtte grave ut for å i det heile å kunne vaske. Gud og fader!

I morgon startar eg med det første faget mitt "Castles in Medieval Society" og eg lure på korleis det kjem til å verte.


Den gigantiske koppen. Den skal det verte fint å drikke te av! =)

 

PS: Den lysetingen som eg trudde skulle lyse for alltid, den lyste ikkje for alltid =(

"Two things are infinite: the universe and human stupidity; and I'm not sure about the universe."- Albert Einstein

 

Bøker, sko og The Union

Då e eg tilbake igjen for å fortelje om alt det spennande som har skjedd dei siste dagane. På torsdag var me ein tur i byn for å handle bøker til skulestart, men det viste seg å vere umogeleg. Me fann ingen av bøkene me skulle ha og me var sikkert i alle bokbutikkane i heile byn. Det er ikkje slik som i Bergen der ein berre går på "Studia" og finn alle bøkene ein skal ha, ein må faktisk leite rundt heile byen for å sjå om ein finn noko. Me trudde då at "John Smith Bookstore" var den britiske versjonen av "Studia", men då tok me grundig feil! Det viser seg at på Highfield der alle dei vitskaplege faga er plasserte er dei ikkje så gode venner med Avenue Campus, altså der dei humanistiske faga er plasserte. Derfor har dei ikkje mange historiebøker der, men mykje medisin, matte, juss og andre ting me ikkje treng bøker til. Me fekk altså ikkje kjøpt nokon av bøkene våre, men me fekk verkeleg brukt pengar likevel. Eg kjøpte bursdagspresang til Siril og Ida til sin lillebror Olai (og dei har tilfeldigvis bursdag samme dag). Dagen før då me gjekk i byen fann eg dei finaste "Converse"-skoa nokon gong, og eg var flink å tenke "Nei, eg treng ikkje dei" men etter bokfiaskoen tenkte eg, "JO, det gjer eg!" Eigentleg ville eg ha lave, men det var ikkje fleire igjen i den fine fargen så då prøvde eg høge og klarte nesten ikkje å ta dei av igjen. Dei var berre heilt fantastiske! Ida, som liksom skal vere den som passar på meg er like glad i "Converse" som meg, så ho nærast ropte "Kjøp dei, kjøp dei". Så då vart det nye sko altså.. Og Mamma sa, som forventa: "Jammen, du har jo sånne frå før!" Men NEI Mamma! Ikkje i den fargen! =) Dessutan hadde dei kosta 6-700 kr i Noreg og her kosta dei 400, så då går det i alle fall fint.

På fredagen, altså i går, skulle me på vår første forelesning på Avenue Campus. Ei velkomstforelesing med registrering etterpå. Det viste seg som vanleg å vere vanskeleg å finne fram til dit me skulle og etter litt vandring rundt, fann me til slutt Avenue. På Highfield er nesten alle husa nye og moderne, men Avenue er ein gamal murbygning som var veldig britisk og veldig fin. Innsida såg heilt ny ut, med mange gangar og kafe og litt av kvart. Etter velkomsten og registreringa prøvde me oss på å finne nokre av bøkene våre på biblioteket. Det funka heller ikkje og me kjente begge at det e veldig stress å ikkje ha bøkene på fredag når ein startar på måndag. Me tok ein ny tur til byn og lette gjennom butikkane, men der var det ingenting. Eller jo; me fann EI bok som me skal ha i "The Battle of Agincourt" faget, men det e sjølvsagt det faget som startar på fredag neste veke og ikkje akuratt det me trengte mest no.Sidan me måtte haa bileter til registreringa bestemte me oss for å ta passbileter i ein fotoboks. Det vart litt av ei oppleving. Først skulle Ida ta bilete og det gjekk ganske fint, før biletet kom ut av boksen i gigantisk versjon, ikkje passbilete, portrettbilete. Så då måtte ho bruke 50 kr til på å ta nye. Heldigvis fekk ho det til denne gongen og fekk små passbileter som faktisk kan brukast. Så reiste me tilbake til Avenue og var med på ein "Tour of the Language Resources Centre", noko me trudde skulle vare lenge, sidan det tydelegvis var VELDIG viktig at me var med på det, men det varte ikkje lengre enn 15 min, og etter det hadde me fri. Då reiste me på Tesco og handla middag, og trur du ikkje me fann Norsk laks? Det vart då sjølvsagt dagens middag. Så sløva me på romma ei stund før me skulle ut på "The Student Union" på kvelden. Dit vart me invitert eit par dagar før av naboen til Ida. Før me reiste var me på eit slags vorspiel hjå nokre folk i Ida si blokk og der vart me kjend med mange nye og snile folk, og eg hugsar ikkje namna til nokon av dei, men koselege var dei i alle fall. Dei var òg veldig facinerte over at me kunne snakke Engelsk så bra og at dei ikkje kunne snakke Norsk. Det første dei spurte om når dei såg oss var "Are you twins?" og Ida svarar "No, just Norwegian". Så me hadde mange kjekke diskusjonar med dei på vegen mot "The Union". Då me kom fram stod me i verdas lengste kø for å komme inn og då me kom inn stod me i ei ny kø for å henge frå oss jakkene (britane brukte ikkje jakke for dei visste at det var varmt der inne, men dei fraus på vegen til Highfield då), og så endå ei kø for å kjøpe drikke. Eg og Ida hadde berre kort med oss og då me kom fram fann me ut at det ikkje gjekk an å betale med kort. Det var dei 20 minutta i kø. Heldigvis hadde me ein insider som jobba der og ga oss ti prosent avslag på drikke så me fekk oss omsider inn på det fullpakka dansegolvet og der var det verkeleg fullpakka. Dei spelte masse musikk me aldri hadde høyrd før og alle britane var like overraska kvar gong me ikkje hadde høyrd ein song. Heldigvis hadde dei nokre gode gamle klassikarar òg. Då dei stengte i 2 tida var det ikkje fleire bussar og eg, Ida og... eh.. ein av dei me vart kjend med, som eg ikkje veit kva heiter gjekk frå Highfield heim til Wessex Lane. Det gjekk heilt sjukt fort, plutseleg var me heime. Då vart det masse drikking av vatn og soving.

Då eg vakna i dag var eg dårleg, men ikkje veldig. Etter ein dusj ordar jo det meste seg. No ventar eg på at Ida skal stå opp, me skal nemleg ete havregrynsgraut til frukost i dag. Dei sel sånne porsjonspakkar her, der ein fyllar opp pakken med mjølk etter ein har tømt ut innhaldet og varmar det i mikroen i to minutt og vips så har ein perfeka havregraut. Ikkje heilt på Gro-måten, men det vert i alle fall veldig godt og det tek ikkje så lang tid. Det kjem nok til å verte ei god løysning når eg har dårleg tid ein morgon, eller fleire morgonar.


Gjett kass farge?


Raud!!




Avenue Campus, der me skal tilbringe mesteparten av tida vår.


Ein sånn lyseting, som sikkert kjem til å lyse for alltid for det verkar ikkje som om det minkar i den.


Og så må eg berre ta med Henry, verdas søtaste støvsugar! =)

"I know that you believe you understand what you think I said, but I'm not sure you realize that what you heard is not what I meant.? - Robert McCloskey

Ny dag, nye mogelegheiter!

Så er eg tilbake på bloggen igjen og prøve å informere alle om alt som har skjedd dei siste dagane. Etter den slitsame IKEA-dagen på måndag prøvde me på ein litt rolegare dag i går. Det klarte me ikkje så veldig godt. Det første me gjorde var å sjekke ut fagbokhandelen der me rekna med å få kjøpe alle skulebøkene våre. Den hadde det fantastiske namnet "John Smith's Bookstore" og var ein koseleg butikk med masse, masse bøker. Der møtte me til vår overrasking på ein haug med skuleungar med skuleuniform som tydelegvis hadde det veldig travelt. Dei var sikkert innom og handla snop før neste time, så eg var såpass snill at eg lot dei gå før meg i køa. Hurra for snille meg!

Etterpå bar det tilbake til romma våre med alle skuletinga me hadde kjøpt og så reiste me ned til byen igjen. Der gjekk me til innkjøp av litt ting og tang me trengte. Planen var eigentleg å reise rett til det store kjøpesenteret West Quay, MEN Ida såg eit anna senter der det stod "Disney Store" på veggen og me sprang då sjølvsagt av på neste stopp og lette med ein gong etter Disneybutikken! Det var sjølvsagt himmelen for ein to Disneyglade menneske som meg og Ida og me kunne sikkert vandra der i fleire timar. Ved sidan av Disneybutikken var det ein annan butikk som heitte "Poundland" og i heile den butikken kosta ALT berre 1 pund! Det var ganske sjukt! Me enda opp med å kjøpe litt av kvart der. Og eg kjøpte to pakkar sminkefjernar, hårsspray, reiseadapter, tøymyknar og vaskepulver for 50 kr! Det var noko anna enn Noreg! Etter litt vandring i senteret fann me Starbucks! Oh joy! Der pausa me og åt litt mat og Ida, som absolutt ikkje likar nokon som helst form for kaffi drakk kakao medan eg drakk kald og god kaffi. Til slutt enda me opp i endå ein bokbutikk der me kjøpte kalendarar og eg kjøpte eit par bøker; ein sjukt fin versjon av "The Hobbit" og fortsettinga på "Game of Thrones" "A Clash of Kings" alt for under 200 kr. Alt e heilt sjukt billeg her. Ganske greit eigentleg. Så kom det til at me skulle heim og som vanleg trudde eg at eg visste kva buss me skulle ta, og som vanleg tok eg heilt feil. Me enda opp nede på ei kai der bussen stoppa og ein annan bussmann kom innpå og då me kom ned forklarte dei oss kvar me skulle gå for å ta den rette bussen. Haha, typisk! Omsider kom me oss heldigvis heim, men då var me begge veldig trøtte, kvalme og tunge i hovudet. Ida løyste heile problemet med å legge seg tidleg og eg organiserte alle tinga eg hadde kjøpt den dagen og hang opp bilete på veggen, for så å lese ei god stund. Når eg omsider fekk vekk hovudverket og tenkte at det var på tide å sove, fekk eg sjølvsagt ikkje det til. Eg låg sikkert til klokka vart halv 4 utan å sovne, medan alle Asiatane skravla i veg på kjøkkenet. Det e sikkeleg Asian Fusion her i byen. Og på bussen såg eg og Ida ein skikkeleg slask av ein Asiatar som trudde han var noko. Han speila seg i alle vindauga, og fiksa håret og jakka og buksa, og så snakka han litt med seg sjølv,kanskje til seg sjølv? Skikkeleg sleeze i alle fall.

I dag har me ikkje gjort mykje. Me har pøvd å lære oss korleis ein brukar vaskemaskinene, noko som viste seg å verte ein prøvelse. Utanom det har me vore på Tesco og handla mat. I kveld skal me lage ordentleg middag, noko me ikkje har gjort sidan me kom hit. Kanskje me då vert litt mindre slappe og tunge i hovudet? Satsar på det.


Starbucks






"Ok, kortid treng man å lage så masse pasta? Familie på 200 ja, takk, men ellers?" -Ida



Rommet vart litt finare med bilete og kalendar på veggen.


Kos <3


Utsikten frå rommet mitt


Og her bur Ida, i andre etasje, det vindauget som er litt ope.

"Experience: that most brutal of teachers. But you learn, my God do you learn" - C.S. Lewis

Southampton!

Ja, no har eg altså endelig kome til Southampton og prøver å verte vant med korleis ting fungerar her nede. Flyturen i går gjekk veldig fint og eg og Ida kom oss trygt til Gatwick, men etter det vart det litt meir stress. Først var det eit problem å ta ut pengar frå minibankane, i alle fall på mitt kort. Så var det problemet med å finne kvar me skulle ta bussen frå for å komme oss til Heathrow, der me skulle vente ein halvtime på neste buss. Då me omsider fann den bussen me skulle ta køyrde han i frå oss! Og det sjølv om me sprang mot han og vifta med armane. Dust! Heldigvis var dei ei dame der som hjalp oss. Ho slengte oss inn på ein buss som skulle til Birmingham, men stoppa på Heathrow på vegen. Då me kom til Heatrow var det ikkje lenge å vente før den andre bussen kom og me var snart på veg mot Southampton. Og by the way; Heatrow; ein forbanna gigantisk flyplass! Bussen køyrde sikkert rundt i ein halv time før me endelig kom ut på ein motorveg og me endelig følte at me nærma oss målet. Forresten så køyre bussane her JÆVLIG fort! Og det e motorveg omtrent heile vegen mellom byane så det tek ganske rask tid å komme seg frå ein plass til den neste. Då me kom fram til Southampton tok me ein buss til Wessex Lane, der me skulle bu. Mannen som jobba i resepsjonen virka som om han ikkje visste noko som helst og han klarte ikkje å finne nøklane våre. Etter ein heil dag med reising var vel eigentleg det det siste me trengte, så eg trur me vart litt sure begge to. Etter mange telefonsamtalar og masse internettbruk fann han omsider ut kvar me skulle bu og ein Securitymann viste oss vegen. Me bur ikkje i samme blokk, men me bur ganske nært og kan sjå over til kvarandre viss me prøver. Etter litt utpakking gjekk me rett og la oss, for me var ganske utslitte etter ein utruleg lang dag.

I dag har me prøvd vårt beste å bli kjend med byen og få handla det me treng. Tok me bussen til Highfield, som e sjølvaste universitetsbydelen, der det verkar som om alle husa i nærleiken har noko med universitetet å gjere, og der henta me studentkorta våre. Det står nemleg på universitetet sine heimesider at studentkortet er òg er eit busskort! Det stemmer, MEN ein må aktivere det før det kan brukast, noko me fann ut etter å prøve det på bussen utan hell. Då gjekk me til ein bygning der det stod Travel Centre som viste seg å vere den rette plassen å få fiksa det, så no kan me ta Uni-Link bussane så mykje me vil. Etter det reiste me mot sentrum med berre eit mål for auget; IKEA. Men sjølvsagt som engelskstudentar flest enda me opp i ein bokbutikk. Etter me hadde sett på bøkene fann me utruleg nok IKEAen og der gjekk me i fleire timar (og pund) og fann alt me trengte og endå litt meir. Å ein ting til; når ein stoppar på raudt lys her i byen verkar det som om ein må vente i minst 5 minutt, det e heilt utruleg kor lenge dei lysa varer. Det merka me når me med våre to fulle ikeaposar tok ein taxi heim frå byen.

No er det ikkje lenge sidan me kom heim og eg har prøvd å få litt orden i skapet og med alle tinga mine. Det e utruleg mykje greier utover heile rommet, men eg skal nok få orden på det snart. Slenger med eit par bilete frå det rotete rommet mitt!


IKEA!


Senga og resten av rotet


..og sjølvsagt er skrivebordet og fult av mykje rot!

 

"Go to Heaven for the climate. Hell for the company" - Mark Twain

Hallo Verda!

Shiiit! No e det lenge sidan eg har skrive noko som helst her på denne bloggen. Det er vel eigentleg mest for at det ikkje har skjedd så veldig mykje interessant den siste tida og eg vil nødig vere ein sånn irriterande bloggar som skriv absolutt ALT inn i bloggen (I dag åt eg fiskekaker til middag, den eine var litt svidd, eg knakk ei negl, det datt ut eit hårstrå frå hovudet mitt i dag, i dag var høgre foten først i golvet då eg stod opp, osv...) Nei, det gidd eg altså ikkje, så no når det faktisk skal til å skje noko igjen, tenkte eg å prøve å skrive litt.

Vel; då me forlot Evita var eg i gong med ex.phil og ex.fac på Universitetet i Bergen. No er eg altså ferdig med det og har forlatt det planlagde Latinamerikastudiumet til fordel for Engelsk. Eg er no på god veg med Bachelorgrada mi og dette semesteret skal eg tilbringe i England, nærare bestemt University of Southampton i (you guessed it) Southampton! Dette er altså grunnen for mi kommande skrivekløe. Så hald dykk oppdaterte for her vert det mest sannsynleg mykje nytt og forhåpentlegvis spennande å lese i tida framover.

"I like talking to a brick wall, it's the only thing in the world that never contradicts me" - Oscar Wilde ("Lady Windermere's Fan" 1892)

REUNION!!!

I dag er det måndag og gruppa mi i ex.phil hadde framføring. Det gjekk relativt fint, og eg e berre glad for å vere ferdig med det. I helga var det reunion på Karmøy for folkehøgskulen og det var heilt fantastisk =) Eg fekk møte so mange folk frå Karmøy FHS som eg ikkje har møtt sidan eg slutta og det var utruleg kjekt. Nesten alle sov på park inn so det vart mykje liv og leven på hotellet i tillegg til alt det andre! Vokalgjengen var uansett lukkelege for at Jostein tok seg tid til å møte oss i den travle kvardagen sin og me fekk til og med sunge gjennom eit par gamle slagarar ved pianoet på hotellet =) Laurdagskvelden var me på stampuben vår BORGEN! Der vart det sjølvsagt mykje liv og me hade nok ein av de aller beste kveldane på Borgen me nokon gong har hatt =) Det var rett og slett trist når sundagen kom og me nok ein gong måtte forlate FHS-bobla for å returnere til kvardagen (og sjølv om eg hadde med meg kamera til Karmøy presterte eg å ikkje ta eit einaste bilete, så eg får bruke ein gamal klassikar).

På onsdag reiser eg heimatt til Gulen med bilen til mamma som eg fekk låne sidan eg skulle til Karmøy. Ellers vert det mykje jobbing med oppgåver no framover, som vanleg. Æsj! Eg glede meg til jul!! Eg vil eigentleg at det skal vere jul no med ein gong!! Jaja, eg får berre sjå fram til bursdagen min først =)


Good times at Borgen =) Savne dykk allereie <3

Eg slenger med eit lite julesitat sidan me nærmar oss jula med stormskritt =)

"Christmas is a time when you get homesick, even when you're home" - Carol Nelson

 

Les mer i arkivet » Mai 2012 » Februar 2012 » Januar 2012
Vitus

Vitus

21, Gulen

Det var ein gong, ja for det er slik alle gode historiar startar, ei vanlegvis blid jente frå Gulen i Sogn og Fjordane. Der hadde ho budd heile livet og fatta interesse for ting som musikk og song, skodespel og lesing. Av å vakse opp på ein stad som Gulen hadde ho óg vorte ein forkjempar for nynorsk. Nynorsk til folket! Dette året har ho flytta vekk frå den trygge heimstaden og reist avgarde for å leve livet på Karmøy Folkehøgskule...

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits