Studenten
Igjen tok det evigheiter før eg fekk skrive eitt nytt innlegg, men denne gongen var det faktisk ikkje min feil =) Eg har herved flytta til Bergen og starta mitt så langt treårige studium i spansk språk og latinamerikastudium. I leiligheita i Bergen har me ikkje internett endå så me føler oss eigentleg ganske avkutta frå verda, men det er eigentleg litt herleg likevel. Me flytta inn på laurdag og pappa køyrde oss litt rundt til dømes på Ikea og me fekk kjøpt oss kvar vår seng som dei skulle køyre til oss på måndagen. Då me fekk sengene våre og pakka dei ut merka me at det berre var ei rammemadrass og ei overmadrass utan bein! Jævla typisk Ikea! Så på tysdag reiste eg og Louise nok ein gong til Ikea og kjøpte bein til sengene våre. Det verste var at dei ikkje hadde beina me kjøpte i butikken, men ved vareutleveringa til Ikea som var driiiitlangt vekke. Eller som ikea-dama sa: "bare to minuttar med bil". Eg vart sintare og sintare etterkvart som eg gjekk og leitte etter den pokkers butikken. Louise blei berre så oppgitt at ho begynte å le av alt. Heldigvis har eg verdas flinkaste fetter som veit kvar alt er og han forklarte meg vegen. Så då fekk me tak i bein likevel! Hurra!
Jaja, fadderveka har vel eigentleg ikkje vore så spennande som alle skal ha det til, men har møtt eit par nye menneske då. I tillegg har eg møtt igjen mange gamle kjende. Silje, Remi og mange, mange FHS-kjenningar =) Så det er eigentleg ganske koseleg å vere i Bergen =)
"The man who smiles when something goes wrong has thought of someone to blame it on" - Robert Bloch

Tora
21.aug.2010 kl.18:06
Du har så mange geniale sitater.
Savner deg!!! <3
Vitus
27.aug.2010 kl.14:35