REUNION!!!
I dag er det måndag og gruppa mi i ex.phil hadde framføring. Det gjekk relativt fint, og eg e berre glad for å vere ferdig med det. I helga var det reunion på Karmøy for folkehøgskulen og det var heilt fantastisk =) Eg fekk møte so mange folk frå Karmøy FHS som eg ikkje har møtt sidan eg slutta og det var utruleg kjekt. Nesten alle sov på park inn so det vart mykje liv og leven på hotellet i tillegg til alt det andre! Vokalgjengen var uansett lukkelege for at Jostein tok seg tid til å møte oss i den travle kvardagen sin og me fekk til og med sunge gjennom eit par gamle slagarar ved pianoet på hotellet =) Laurdagskvelden var me på stampuben vår BORGEN! Der vart det sjølvsagt mykje liv og me hade nok ein av de aller beste kveldane på Borgen me nokon gong har hatt =) Det var rett og slett trist når sundagen kom og me nok ein gong måtte forlate FHS-bobla for å returnere til kvardagen (og sjølv om eg hadde med meg kamera til Karmøy presterte eg å ikkje ta eit einaste bilete, så eg får bruke ein gamal klassikar).
På onsdag reiser eg heimatt til Gulen med bilen til mamma som eg fekk låne sidan eg skulle til Karmøy. Ellers vert det mykje jobbing med oppgåver no framover, som vanleg. Æsj! Eg glede meg til jul!! Eg vil eigentleg at det skal vere jul no med ein gong!! Jaja, eg får berre sjå fram til bursdagen min først =)

Good times at Borgen =) Savne dykk allereie <3
Eg slenger med eit lite julesitat sidan me nærmar oss jula med stormskritt =)
"Christmas is a time when you get homesick, even when you're home" - Carol Nelson